onsdag 25. februar 2015

Oppsummering og tusen takk for no!

Så var Falun-tida mi over. Eg er tilbake i bladstoga i Kviteseid, og det kjennest trygt og godt. Ein kollega spurte meg om eg kom til å fylgje med på resten av VM no, om eg kanskje hadde blitt ørlitegrann meir sportsinteressert. Svaret er nei. Eg er framleis berre oppteken av Magnus Krog-nytt.

Her er ei lita oppsummering av veka mi i Falun. (Og her kan du lesa kvifor i all verda eg faktisk reiste dit.)

Mest profesjonelle sportsjournalistiske handling: Vera på pressekonferanse med kombinertlandslaget.


Flest menn i salen, for å seie det slik.

Minst profesjonelle sportjournalistiske handling: Snakke på riksdekkande radio tysdag om kor utruleg enkelt og behageleg det er å vera sportsjournalist. (Høyr Norgesglasset-innslaget frå tysdag her.)



Heldigvis hadde eg frisørtime under direktesendinga, så eg fekk gjera intervjuet i opptak på førehand slik at dei kunne klyppe vekk eeeehhh-ane og øøøhhh-ane. 

Mest klamme, men morosame augneblink: Då eg køyrde meg vill inne på VM-området dagen før det starta, og tilfeldigvis møtte Magnus Krog – med ein pappfigur av han i passasjersetet. Les om det her.


Hei, Magnus! Har du helsa på Magnus? 

Høgast puls-augneblink: Då eg like etter Magnus-møtet tilfeldigvis stoppa rett ved TV2-bubilen og blei livredd for at dei skulle sjå meg.


*Angst*

Verste «Hur dum får man bli?»-augneblink: Denne svensken som kanskje burde kikke seg om etter ein annan jobb.

Beste heia svenskar-episode: Møtet med den kule bussjåføren Nisse (?), som eg skildra i same innlegget som den dumme svensken. Nisse redda dagen min med å fortelje om kvifor eg ALDRI burde plukke sopp i Falun og om kvifor kvinnene i gamle dagar måtte selje sprit gjennom glasruta.


Hej Nisse! 

Mest ekstreme «no har du vore åleine veldig lenge, Randi»-utslag: Denne videoen. Eg lo altså så mykje av meg sjølv då eg hadde laga den. Særleg då det 2013-greiene berre dukka opp midt i der, ut av det blå, utan at eg hadde putta det der (trur eg). Men eg har full forståing om andre ikkje blir like imponerte. 



Ja, ja. 

Einaste motespesial: Dette innlegget om blant anna kvite skidressar (velkomen etter, VG) og dagens outfit, blomsterpike edition. 


Eg ynskte Petter velkomen etter sprinten. Men eg heldt meg for god til å spørje kva undertøy han brukar. (Det ser ein jo uansett, og dessutan lurar eg ikkje så veldig på det, i motsetning til kollegaene mine i VG.) 

«Tenk at eg får vera med hit»-oppleving: Då assisterande renndirektør Jan Rune Grave frå Vrådal tok meg med opp i dommartårnet og forklara meg om den grøne knappen og korleis dei arbeider under kombinertrenna. Då fekk eg helse på mange sentrale FIS-folk. Flaks for meg at eg fann ut at tidlegare skihoppar Lasse Ottesen no er renndirektør i kombinert, og at eg googla han på førehand for å sjå korleis han ser ut. Eg er ikkje så verst streetsmart når alt kjem til alt.



Dei nye venene mine Lasse Ottesen og Jan Rune Grave. Kallar dei berre Lassen og Janus. 

Største folkemengde(-fobi): Førtifiretusen folk på Lugnet stadion på laurdag. Det blei litt vel mykje for meg, altså. Så eg gjekk glipp av både Johaug/Jacobsen-triumfen (hugsar ikkje kva distanse dei gjekk, slikt er umogleg å hugse på når det er så mange av dei), og Rune Velta-gullet. 


Eg var innom stadion ein liten tur på jubel-laurdagen, men gjekk glipp av det vesentlege. Kaffien på pressesenteret var god, då. 


Trivelegaste bil-selskap: Mor til Magnus Krog på veg heimatt. Det var hyggeleg med papir-Magnus altså, men samtala flaut betre med mor Krog i passasjersetet.


Signe Bjørg Krog rulla i hop sonen sin, la han bak setet, og tok hans plass. 

Til alle de som har lese bloggen: Tusen takk for at de har fylgd meg på ferda! No blir det sportspause på meg. Eg har hatt det himla moro på Ski-VM altså, men no har eg liksom gjort det. Neste gong håpar eg oppdraget blir å fylgje ein vesttele på Roskildefestivalen.

Så Magnus, skal du dit? Viss ikkje tek eg med mor di i staden.



søndag 22. februar 2015

Frukost med Arne og gjengen

Dagen i dag opna på sportsleg vis: Eg åt frukost medan eg lytta med eit halvt øyre til Arne Scheie som heldt føredrag for nabobordet. Om alt frå Bjørn Wirkola til Nybergsund Trysil (fotball 2. divisjon? Hei, Eirik!) Eg trudde Scheie hadde pensjonert seg, eg. Det verka ikkje slik.

Men med ei slik opning på dagen, kjente eg at det ville vera eit svik mot Arne å ikkje få med meg det som skjedde på stadion. Så i dag har eg hengt litt med proff-fotografane igjen. Det var ikkje kjedeleg å stå i målområdet då både damene og mennene gjorde det såpass skarpt i lagsprinten. Det skal eg innrømme.


Snåle jenter <3


Snåle gutar <3 


Kollegaene mine (når dei ikkje ligg på kjempestore saccosekkputer og drikk kaffi i pressesenteret). Eg har ikkje kommunisert med nokon av dei, bortsett frå eit sint blikk til Expressen-fotografen som dulta meg vekk. Grr. 


Det er ikkje berre eg som byrjar å bli dreven i å ta bilete av meg sjølv, ser eg. Dei svenske sylvjentene var også veldig snåle! (På vesttelemarksmåten, altså søt og koseleg. Ikkje på den andre måten, den rare måten, og i alle fall ikkje på snåle på svensk, der det betyr gjerrig. Det trur eg ikkje dei er, dei ser ikkje slik ut i alle fall.) 


Mamma Krog heia med kombinert-spesial-autograf-flagget sitt på stafetten i dag. Men eg fann ikkje signaturen til sonen hennar på flagget. Kanskje det er det som skal til for at det losnar for Magnus? 


Til slutt ein quiz: Kva vesttele eig denne hatten? 
Svaret får du i VTB til veka. 



Maurits Maur

I går til morgon kom det mail frå VM-arrangørane. Preliminary spectator number: 41 500. (Til samanlikning var det 5000 folk der dagen før). Eg kjente at det høyrdest veldig mykje ut. Litt for mykje å skulle handtere slik på morgonkvisten.

Så då Johaug og Jacobsen sprang i mål på stadion, tusla eg endeleg ut av hotellet og sette meg på bussen til Falun. Ein kan ikkje få med seg alt her i livet.

Eg kom fram, såg korleis det myssa av folk over alt (44 300 blei det visst til slutt), og bestemte meg for at eg ikkje hadde lyst til å møte dei heilt enno. Og sidan eg er innehavar av det geniale konseptet medieakkreditering, gjekk eg inn på pressesenteret, henta meg ein kaffi, sette meg på/i verdas største pute, og kikka litt på herrerennet derfrå. Eller, eg må vel vera ærleg: Eg var på Facebook medan tv-en stod på i bakgrunnen. Men eg var ikkje åleine om det, trur eg:


 (Eg er ganske god til å anonymisere i Photoshop.)

Men då det drog seg mot slutten tenkte eg at eg måtte ut. Ut og høyre bruset frå publikum. Etter å ha prøva ei lita beite å finne meg ein plass i mengden med menigmann/folk flest/bermen der eg kunne sjå noko, gav eg opp, og brukte igjen pressefordelen min. På andre sida, rett ved målområdet, stilte eg meg ei lita bru og fekk panoramautsikt til at Noreg ikkje fekk medalje. Utan at det sette sterke kjensler i sving hos meg, akkurat. Det er fordelen med å ikkje ha sportshovud: Eg blir glad viss dei vinn, men temmeleg likegyldig viss dei ikkje gjer det.


Tap og vinn med nesten same sinn. 


Eg hadde tenkt å sjå hopprennet. Kors på halsen. Berre sjå på lua mi. Men det var altså så mykje folk der!  






Så eg tok berre eit bilete av skihopparluva mi for å bevise at eg har vore der, og så tok eg bussen til det varme og gode hotellet. 


Eg trur det betydde lykke for Rune Velta at eg ikkje var der. Han kan takke meg seinare. 

lørdag 21. februar 2015

Tobias i tårnet

På torsdag fekk eg vera med sjølvaste mr. assistant race director i kombinert, Jan Rune Grave, i hopptårnet. Han synest det bles vel mykje i Falun, og det fekk me vel ei viss forståing for i går når kombinerthopprennet blei utsett ca fire tusen gonger.

Du kan lesa om Jan Rune og den grøne knappen hans i dagens Vest-Telemark blad.
(Gratis for abonnentar, mogleg å kjøpe dagspass - eller endå betre, eit abonnement! - for dei som ikkje abonnerer)

No er eg til å lure på om eg skal koma meg opp på stadion ein tur. Høyrer rykte om at det er noko på gang der oppe.


Eg får litt heimlengsel når eg ser laurdags-VTB. Må koma meg vestover att snart. 


VG i går. Dei heng etter VTB som vanleg. Dette skreiv då eg om på bloggen for dagevis sidan. 


fredag 20. februar 2015

Gåve frå høysekkane

Er du på stadion? Eg har ei gåve til VTB. 

Det var meldinga frå Karel Krog, far av Magnus, i dag - og dette var gåva, som berre fire stykk i verda eig: 
Flott gåve! 

Elles har eg lova to høysekkar (sjå bilde), som ikkje har ordna seg billett til den store dagen i morgon, å høyre om nokon har to til overs. Så sei ifrå! 



No er det kombinertlangrenn, utan ein einaste høysekk i løypa, men med mange rundt. 

Mediestorm

Det er uvant å vera den som blir intervjua eller omtala, og ikkje den som intervjuar eller omtalar. No skjønar eg korleis desse idrettsstjernene har det.

På tysdag ringte dei frå NRK Telemarksendinga. Og i går skreiv Medier24 ei ganske lang sak om dette prosjektet vårt.

Skikkeleg mediestorm, med andre ord. Kvar skal dette ende?

Eg trur me må skaffe oss PR-rådgjevar. Redaktør Øystein, kan du ringe First House?


Var innom og sjekka korleis Magnus har det i bilen i går kveld. Han har det bra og frys ikkje, sidan han har fått låne VM-kufta mi (mønster frå Ski-VM Oslo i 1966, visstnok.)

torsdag 19. februar 2015

Jubelbrus og blomsterpike spesial

Artig dag i Falun, dette. Synd ikkje Marit B eller Petter N er frå Vest-Telemark berre. Synd for dei, altså.

Alle har jo fått med seg kva som skjedde i sprinten i dag, så det gidd eg ikkje skrive noko om. Ikkje klarte eg å fylgje med heller, der eg stod. Det er altså så mykje å sjå på!
Det førte til fylgjande sms-utveksling med redaktøren i dag. Merk at eg altså stod MIDT i målområdet, akkurat der det skjer, saman med dei andre sportsfotografane. (Høhø)

Eg: Er det finalen nå?
Han: Finale nå ja. Gull! Bronse!

Hadde heldigvis fått det med meg før han svara, så eg hadde vit til å ta nokre bilete. Det er moro, au! Og eigentleg verkar det ganske lett å vera sportsfotograf. Det er berre å setje på auto.



Gull! Bronse! 


Litt av ein luring, han som fann opp kvite skidressar. 


Gull! Bronse! 


Visste du at Ola Vigen Hattestad ikkje har tenner i underkjeven? 


Jaudå. 


Og no: Blomsterpike spesial

Då eg var blomsterpike i Høydalsmo-NM i 2002 brukte me Vest-Telemark-bunadene våre. Det var smertefullt nok det, for bunaden min var ikkje lagt ut sidan konfirmasjonen, men det var visst eg. Likevel: Sjølv om eg ikkje fekk puste, følte meg fin der eg gjekk, smilte, neia, klemte og delte ut. For me vesttelar er velsigna med ei flott bunadstype, kom ikkje og sei noko anna. 

Men her. Herregud. 



Her har dei kledd ut dei nydelege blomsterpikene sine som 200 år gamle damer. 

Var det det Petter grein for, tru? 



Hei frå hopptårnet!

Eller dommartårnet, då. Eg har besøkt assisterande renndirektør i kombinert der i dag, som er siste dag med treningshopping før the real deal i morgon. Du kan lesa om det i VTB og på vtb.no seinare.

Her er ein liten filmsnutt eg laga medan eg venta på audiens. Eg er ikkje så dreven i iMovie enno, men det trur eg ikkje de skal merke noko til.


Hugs å slå på lyden.



Og her står trenarane. Like steinaktige i andleta sine sjølv då «You're the one that I want» frå Grease smaug seg ut av høgtalarane. Men dei hadde vel andre ting å tenke på kanskje. Og fin utsikt. 



Hit skulle eg altså. 


Men denne fekk eg ikkje lov til å ta :-( 


Heldigvis har eg vore på Sterke Nils-senteret fem gonger, så eg kom meg opp likevel. Legg merke til kor kvitt og fint det er her. 

No lurar eg faktisk på om eg skal vente på sprintfinalen. Sidan eg fyrst er her, liksom. 

onsdag 18. februar 2015

Behind the scenes/bussepisodar

Det er ganske behageleg å vera medierepresentant på så store arrangement som dette. Eigne område, eigne bussar, gratis kaffi over alt, og så mykje frukt og kaker ein vil gnafle i seg på pressekonferanse. (Så får me sjå om det er like behageleg i morgon når det startar for alvor).

Det er interessant å sjå korleis alt fungerer. Overhøyre samtalar og berre kikke på livet, liksom. Observere kor stor kameralinse det faktisk går an å ha. (= veldig stor). Og fylge med på pressekonferansen, for all del ... 

Eg var tidleg ute for å rekke pressekonferansen, klok av skade etter å ha bruka timesvis på å leite etter dei rette stadene i går. Eg fann plassen der mediabussen skulle gå frå Borlänge, der eg bur, og spurde jamvel på eit hotell som låg rett ved stoppestaden om det var der denne pressebussen skulle koma. Jaudå, det meinte han. Det var berre å stå rett utanfor. 

Eg ventar og ventar. Så ser eg, på andre sida av vegen OG på andre sida av eit gjerde som var for høgt til å klatre over, og for lågt til å krype under, at mediabussen kjem. Og reiser att. Utan at eg har sjans til å koma over, under eller rundt det tette gjerdet, som må ha vore verdas lengste. Eg ropar inni meg, men det hjelper lite. 

Eg går inn att i resepsjonen til hotellet, for å vera grei med framtidige passasjerar som kanskje spør om det same som meg, og seier til mannen at bussen gjekk frå andre sida av vegen. 

– Ja visst, den går från andra sidan, svarar han. 

Ja men så SEI DET DÅ! 

Svenskar. 

I ein ljos augneblink kjem eg på at eg kan ta vanleg buss i staden, og rekk det fint som berre det. 

Etter mange timar på stadion med mellom anna eit triveleg (og litt meir planlagt enn sist) møte med Magnus Krog som de kan lesa om her, fann eg pressebussen som kunne få meg heim att. 

Og kanskje universet følte at det skulda meg noko etter å ha surra det til for meg med morgonbussen, for då fekk eg heile mediabussen for meg sjølv - med verdens beste bussjåfør/guide. Eg veit ikkje kva han heitte, men me kan kalle han Nisse, mitt favorittsvenskenamn. 
Dette er det eg lærte på veg heim:

– Under VM jobbar Nisse 15 timar om dagen og får ganske godt betalt for det, så då kan han göra nånting roligt sen. Så i mars skal han til Skottland og drikke øl og whisky. 

– Det var KJEMPEGIFTIG i Falun då kopargruvene var i drift. Det står eit svart tømmerhus der framleis, som eigentleg var raudmåla, men blei svart av lufta. "Plocka svamp i skogarna här, det är bare å glömma", seier Nisse, viss ein ikkje har lyst til å bli forgifta, då. 

– Sveriges fyrste systembolag kom i Falun. Under gruvedrifta var det mange menn som døydde i gruvene, og då måtte kvinnene tene pengar for å forsørge seg og ungane. Det gjorde dei ved å selje sprit gjennom vindauga i husa sine, sa Nisse. Etter kvart blei mange i byen sjuke og alkoholiserte, og staten greip inn og tok ansvar for menneska ved å lage meir system på ting/spritsalet. Eg vil nok anbefale dykk å dobbeltsjekke dette, for eg fekk ikkje med meg alt han sa og føler nok det er nokre hol i denne historia ...

Og då Nisse byrja å snakke meir detaljert om gruvedrift og brukte ord som "pigment under slaggen" (trur eg) kjente eg at eg hadde lært nok for i dag. 



 Det er ikkje berre pressa som får frukt, heldigvis. 



*Auto*


Mange om beinet. Eg såg ein med FBI-kabel bak øyra, slik spiralgreie veit de. 


Magnus Krog klar for hopptrening. 


Dette er min favorittstad på VM-området: Medialoungen. Eg håpar det er ein slik ein ledig i morgon også. 


Nisse: Kan alt om Falun etter å ha køyrd guida turar og høyrd på guidegnål i årevis. 


Ca like mange på denne bussen som på skulebussen til Berdal på 90-talet. 

Proff på pressekonferanse

Mange om beinet på pressekonferansen til kombinertlandslaget i føremiddag. Det synest svenskane i resepsjonen på Høgskolan, der mediamøta er, var rart. 
"Dom ska ju ha presskonferenser hela tiden, nordmennerna" kviskra dei til kvarandre. Men eg høyrde dei. 

Eg har altså berre vore på ein av desse visstnok veldig mange, og den kan du lesa om i denne saka på vtb.no. 

Og sjølvsagt i papiravisa i morgon, om du vil spare det til då. 

Kva gjer lagkameraten til Magnus Krog på ryggen oppå eit salongbord? Det kan du finne ut på www.vtb.no






tirsdag 17. februar 2015

Dette tør eg nesten ikkje skrive

For de kjem sikkert ikkje til å tru på meg. Men eg lovar - kvart ord er sant. Historia er slik: 

VTB-bilen er no på plass i Falun. (Turen kan de lesa om i tidlegare innlegg, og dessutan høyre det me snakka om på Telemarksendingai dag her. 

Møtet med Lugnet sportsarena i Falun blei ... surrete. Forskjellige raudkledde og småforvirra frivillige peika i heilt ulike retningar då eg bad om å få vita vegen til mediesenteret og akkrediteringssenteret. Etter ein halvtime køyrer eg for andre gong opp ein veg inne på området som eg heilt sikkert ikkje skulle køyrd, men alle er for travle til å bry seg om ein liten VTB-caddy på ville vegar. Eg tenkjer at NM i Høydalsmo i 2002 eigentleg var ganske passe i storleik, og der hadde dei heilt sikkert sett av ein lagleg plass til VTB-bilen utan at me hadde spurt eingong.

Men eg er i Falun. Det ser ut som hovudarenaen er rett der framme, og eg vurderer det no slik at eg må finne meg (endå) ein plass å snu. Så kjem det nokon imot meg. Lyfter skiene, og eg trur med ein gong det er for å jage meg og fortelje meg at eg ikkje har noko der å gjera. Noko dei sikkert har rett i. 

Men så er det Magnus! Den ekte Magnus Krog! Heilt tilfeldig! 

Eg blir ekstra glad for å sjå han fordi det viser seg at det ikkje er ein som skal truge meg av vegen, men berre ein kjempetriveleg toppidrettsutøvar som vinkar med skiene sine til lokalavisa si. Og det er altså då eg tenkjer at søren, dette kjem ingen til å tru på når eg seier det var eit tilfeldig og ganske utruleg samantreff – men det VAR det! 

Me får ein kort prat før han må koma seg innandørs etter treningsøkta – ingen er tent med at han frys no. Men han rekk å sjå både papp-Magnus og den VM-pynta VTB-bilen, og smiler på ein slik måte som dei som akkurat har sett ein pappfigur av seg sjølv i eit bilsete gjer. 


Eg set meg i bilen att og sig sakte nokre meter framover, kikkar etter ein lagleg plass å snu. Så oppdagar eg noko potensielt skamframkallande: Eg har stoppa rett utanfor TV2-bubilen til han der Paasche. Den som VTB har laga ein slags liten og litt pysete parodi på. Og det rører seg der inne. Men eg MÅ ta eit bilete. Viss ikkje hadde de som les dette i alle fall ikkje trudd meg. Det blitzar, og eg hoppar inn i VTB-bilen og køyrer av stad. 

I 20 meter. Så må eg jo snu, og køyre forbi ein gong til. 

Men det gjekk bra det også, altså. Så no er eg akkreditert både for det eine og det andre, og i morgon tek eg bussen. 



Kva var oddsa for dette?


Og i tillegg dette? (Beklager at eg ikkje har stilt opp bildet litt betre for eit betre samanlikningsgrunnlag, men eg hadde høg puls og dårleg tid.) 



Den fyrste pressefotografen som fekk fotobandet sitt: VTBs utsendte, såklart. Sist på plass (pga parkeringsproblem og dårlege stifinnar-skills), men likevel fyrst i køen. Folka på biletet er pressefotografar -  mest sannsynleg nokre av verdas beste sportsfotografar, tippar eg. Så dei har sikkert aldri i sitt liv hatt kameraet på «auto». 


Parkert for kvelden. Det kjennest trygt og godt. 

Över gränsen

VTB-bilen og VTB-sjåføren har no vore i/på Finnskogen for fyrste gong, og me passerte både Tussevangen, Tobakksmyrvegen, Svullrya og Rotnemo før fyrste delmål blei nådd: Riksgrensa. På veg til Torsby, utpeikt som lunsjstad, har me køyrd forbi mange tre og nokre få hus. Ikkje ulikt eit landskap me kjenner godt. Men triveleg er det, sjølv om det ikkje er så eksotisk for ein vesttele. No forlet me parkeringsplassen på Coop i Torsby og set kursen mot hotellet i Borlänge.

De lurar kanskje på korleis det går med Magnus? Han har det fint. Seier ikkje så mykje, men smiler. Han er godt publikum, som dei seier. 

I dagens VTB kan de lesa om kva forventningar han har til VM. Den ekte Magnus er nemleg alt på plass i Falun. Det er langt frå sikkert at han får gå, men han har tenkt å gjera valet vanskeleg for sjefane. Me kryssar fingrane for at han slår til på trening og dankar ut minst to av dei andre slik at han får plass blant dei fire som skal gå. (For det er vel for gale å håpe at to av dei andre skal bli sjuke/skade seg litt ...) Les intervjuet med Magnus Krog her