mandag 16. februar 2015

Snart avreise!

«Me skal sende nokon til VM i Falun», lova redaktør Øystein Øygarden seg sjølv då Vest-Telemarks store son Magnus Krog hadde hanka inn to OL-medaljar i Sotsji.

Så no legg me straks av stad: VTB-bilen, pappfigur-Magnus og eg, journalist Randi. 

Heldigvis ser det ut som ein kan halde seg på same europavegen heile vegen til Södra Dalarna frå Oslo, så me skal nok finne fram. 

TV2 har laga seg ein snedden liten bubil med enorme bilde av reporterane sine utanpå (det er trass alt dei VM handlar om). Redaktøren i VTB ville ikkje vera dårlegare, og har trykt bilete av dei fire mest sentrale i verdsmeisterskapen på Caddyen vår, der dei viktigaste VM-personlegdomane er avbilda, som de ser. Naturleg nok er bildet av den vintersportinteresserte VTB-journalisten iført bunad størst. Det er eg veldig takksam for. 

No fér eg! 

Hugs å tipse meg om vesttelar i Falun den neste veka! Det er vel nokre av dykk som skal dit for å kikke? 

Helsing Randi



Light-versjonen av TV2-bubilen til Christian Paasche og gjengen.


Magnus sit tolmodig i bladstoga og ventar på avreise. 


Hej då! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar