mandag 16. februar 2015

Eit par mil att ...

Fyrste etappe: Check. Kviteseid-Oslo gjekk utan større problem, men me var litt for seint ute til å helse på Solvik-Olsen, Hoksrud og co før dei drog av stad feil veg over fjellet (altså på oppsida). Dei skal vel køyre rette vegen i morgon. 

Falun-forsyningar er no handla inn på Tveitasenteret, og piggdekkavgifta måtte redaktøren fjernbetale. VTB-bilen set stor pris på litt urbane impulsar i ny og ne, og trivst godt med eit lite opphald i Noregs einaste by. Nei, Kviteseidbyen, eg meinte ikkje deg. Du er ikkje ein by sjølv om du latar som aldri så mykje. 

Skvatt skikkeleg etter handleturen då det sat nokon i bilen i halvmørkret. Men det var sjølvsagt berre Magnus. 

På Dagsrevyen sa dei at dei framleis ventar på mange av dei viktigaste namna i Falun, så eg får prøve å koma avstad grytidleg i morgon.



Passasjeren ville ikkje vera med inn, sjølv om det var Mammut-sal og alt ting.





 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar